Nedreskodje Gard - når livet skal nytast -

Oluf Ner Skodden er den første kjende brukaren på garden Nedreskodje. Han er registrert som odelsbonde i 1603 og skar mest tømmer i Skodje i 1603 og 1611. Oluf er registrert som lensmann både i 1611 og 1619.

Midt på 1600-talet var her uår og dei fleste gardane vart lagt under kyrkja. Nedreskodje vart delt i 4 bruk. I 1836 vart 3 av dei slått saman til kapellangard. Lars Pedersen Skaue kjøpte i 1847 det 4. bruket til sjølveige og fikk kongeskøyte for 200 spd. Han fora 1 hest, 6 kyr, ei kvige og 20 sauer.

Løa er frå 1865, men i botnen på løa står ei lafta kasse som må vere mykje eldre ( sjå lafteknuten på biletet ). Våningshuset i sveitserstil stod ferdig i 1877 og er bygt av Lars Peter Nedre Skaue.

"Ingen frukttre kan bere frukt utan røter"

 

Nedreskodje gard på starten av 1950-talet.

Ras med gitaren var eventyraren som hadde reist verda rundt, men slo seg ned på Valle.

Her fann han den vakraste naturen han hadde sett nokon stad.

Skodje i 1910, Nedreskodje nede til høgre

Perane budde på Håhjem og var 2 arbeidssame brør.
Det finns mange historier om desse karane.

Skodje 1915. Bilde er teke frå Brisingberget.

Skjegge-Skjeldrup var fødd i Søvika. Han delvis gikk og delvis sykla gjennom Europa 2 gongar, samt gikk over Island.

Namnet Skodje

For over 2000 år sidan var det ein gard i Skodje; "Skadvin".   Skad tyder truleg skog. 

1432  Skodynar

1494  Skodin

1530  Skoden

1544  Skoddin

1603  Skode

1606 Schode

1617  Schoye

1660  Schodie

1680  Skodie

1730  Skodje

1770  Skaue