Nedreskodje Gard - når livet skal nytast -

Låvende hjortegryte

 

"Det beste eit menneskje kan gjere, er å ete og drikke og unne seg gode dagar"

 

BIBELEN, Forkynnaren 2.24

 

Krabbebord med råvarar frå Storfjorden

Drikke

Det har truleg vore bryggja kønnøl på garden sidan slutten av 900-talet. Tradisjonen og handverket  har vi teke vare på. Øl- og vinkurs kombinert med høveleg mat er verkeleg basiskultur.

Garden har serveringsløyve for øl, vin og brennevin.

Mat

 

"Fjordmenyen" som vi har som standard meny ,er ein 3-rettar med røykt ørret, hjortegryte og besta si foreningskake. Vinekspert Øyvind Tveit har plukka ut ein kvitvin som høver til forretten og ein ditto raudvin til hovudretten.

Andre rettar kan vi setje saman i dialog med kunden.